Lagsbilde

Lagsbilde

fredag 9. september 2011

FIL 1 vs LFK G96 1, 7/9-11

Laget: Rune, Jostein, Bjørnar, Lars, Martin G, Xander, Erik, Simen F, Ulrich, Simen S, Andreas.
Res: Tord, Simen K, Andreas N og Kristian.
I tillegg var langtidsskada Kjetil på plass i lag med ein sjuk Morten.

1.omg
5” Andreas til innlegg frå venstre, Simen S treff dårlig på headding.
7” Bra frispark frå Jostein, headding utafor.
16” 1-0! Ulrich med flott gjennomspel til Andreas, han gjer ingen feil og sett ballen trygt i mål.
19” Andreas med raid, Martin i støtte får slått eit bra legg, som Erik headder utafor.
21” Jostein til Simen til Xander til Ulrich, her går det fort, Ulrich skyt, keeper redder til corner. Lars med stor sjanse på hjørnesparket.
24” Flott kontring. Lars speler til Simen S som går til linja, Andreas får hovudet på innlegget men litt for svak heading.
26” Bjørnar med lang ball over LFK-forsvaret til Andreas på løp, keeper redder til corner. Vi har bra trøkk på hjørnesparket, men ikkje nok på ”høgget” til å få ballen i mål.
28” Vannvittig vending frå Simen S som deretter sett fart inn i boks, blir takla i siste liten til corner, igjen bra trøkk på hjørnesparket men uten tellande resultat.
39” 1-1 Frispark blir slått djupt inn i boks, her bør Rune plukke, samtidig som mann ikkje blir fulgt i boks, dermed ufortjent utligning for LFK sekunder før pause. Grusomt unødvendig mål imot, dette skal det takast tak i på trening framover.
2.omg
Jamn start på andre omgang, med lite konstruktivt spel.
44” Corner frå venstre, Simen Fugllien skrur ballen rett i mål! Til deilig 2-1 ledelse!
49” Bra Xander-sjanse etter passning frå Andreas, får ikkje heilt klem på avsluttninga.
55” Bra skudd frå Andreas frå ca 18,4 (Simen K såg det nøyaktig) som dessverre dreg litt av mot høgre og går utafor.
63” 3-1! Superkontring fra Fagernes, Erik blir spelt fri i midtbaneleddet, slår perfekt over Lillehammer-backen til Simen S som velger akkurat perfekt øyeblikk å slå gjennom Andreas på, som i sin tur, setter ballen hardt langs bakken i lengste hjørnet for keeper. Veldig bra angrep med fantastiske valg heile vegen.
64” Nytt superangrep! Gunder tek den lange turen opp frå ventreback(!) og header på mål, Lillehammer får beina ballen ut frå strek, var den inne?
69” Bra skudd frå Erik.
73” Bra kontring igjen, Andreas kjem til skudd, her er keeper heilt utmanøvrert. Men ballen går via en LFK-forsvarer og ender tilfeldigvis der keeper står.
Vi gjer nokre innbytte, vi sett mellom anna inn 98-modellen Andreas Nyhagen, Andreas viser at alder ikkje er noko hindring, spring opp fleire LFK-spelerar og er ikkje redd for fysisk større motstandarar. Kristian og Tord kjem inn på ving og har fleire gode involveringar, det er kjekt å sjå at vi har god breidde i stallen!
Kampen ebber ut til fortjent 3-1 siger til bruntrøyene frå Fagernes.

Thomas

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar