Lagsbilde

Lagsbilde

onsdag 25. mai 2011

Søndre Land IL - FIL 2

Søndre Land IL – Fagernes 2

1omg:

Søndre Land tek konsekvensen av å ha ei grasbane som er humpete, sleip og ikkje heilt flat. Dei slår konsekvent langt i bakrom. Dette lukkast dei godt med frå start av og pressa forsvarsfiraren vår, som ikkje heilt fann strukturen i første omgang. Ein ligg ikkje godt nok i sikring bak duellane og det blir fort farleg. Når det er sagt, fekk vi ein del overgangar som vi utfører med stort tempo, baneforholda til tross. Med litt større presisjon kunne vi fort scora på ein av desse.

Søndre Land produserer etter kvart nokre store sjansar, etter slurvete forsvarsspel av oss. Men ein opplagt Simen Kjellgren og stolpane held oss inne i kampen og det står 0-0 til pause.

Positivt at 97-modellen Sindre Veltun viser pasningsspel av høg klasse. Når Sindre får orden på fysikken etter å ha vore sjukdomsplaga i årevis, har Fagernes ein klassespeler på midtbana.

I pausa blir det satt fokus på strukturen i forsvaret og duellspelet. Vi blir einige om å gå til i duellane og få opp meir trøkk i overgangsspelet.

2omg:

Vi lukkast delvis med det vi vert einige om i pause i den andre omgangen. Spesielt Simen Fugllien presterer årsbeste og går verkeleg til i duellspelet, også i spelet langs bakken er Simen god i andre omgang. Vi slit med å skape store sjanser, og Søndre Land fortsett med å slå lange ballar inn bak forsvaret vårt.

Det blir etterkvart tydleg at mange av gutta har gårsdagens kamp i beina. Vi får hjelp av stolpane nokre gongar til, men til slutt glepp det bakover, vi klarar ikkje å komme imellom mann og nok ein lang ball. Åleine med Simen gjer ikkje spissen feil og lobber ballen fint i mål. Etter dette kjem vi meir inn i kampen, og produserer nokre sjansar der spesielt Bjørnar får ein stor sjanse etter eit godt hjørnespark av Simen Fugllien. Kjetil er også nær etter eit frispark som via ein forsvarer tvinger keeper ut i full strekk.

Mot slutten får vi eit frispark på venstresida og sender opp begge stopperane våre i håp om utligning. Men frisparket blir slått alt for kort og Søndre Land kontrer flott inn 2-0. Dette held seg heilt inn til ein fortjent heimesiger.

Oppsummert ser vi at to kampar på to dagar ikkje er heilt ideelt, men dette er nyttig trening for gutta som må ta ut ekstra krefter og heve smerteterskelen for å stå heile kampen. Vi får veldig gode bilete på kor stram strukturen i forsvaret må vere når ein forsvarer seg mot eit lag som slår konsekvent langt. Vi ser også at 70-80% trøkk i duellane ikkje er nok, og vi må ta krigen for å vinne slike kampar. Kjekt å sjå at spelerar stadig tek steg og utviklar seg, klart årsbeste av Torjus på venstrebacken og Simen Fugllien i ankerrolla. Vi skal også få utnytta farta til Bjørn Erik når han får trena meir ilag med laget og glir inn i spelemønsteret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar